Norges Vel medaljen til Ingebjørg Kjersheim

Ingebjørg Kjersheim har fått Norges Vel medaljen for lang og tro tjeneste! Ingebjørg byrja ved Tryggheim Barnehage 01.08.87. Ho har sidan den gong vore fast tilsett ved barnehagen, tilsaman i 30 år. Ingebjørg utdanna seg til barnehagelærar ved Dronning Maud i Trondheim. Ho var nyutdanna då ho kom til barnehagen i 1987. Ho jobba først i ti år som styrar og deretter i 20 år som pedagogisk leiar. Medaljen vart overrekt på ei festeleg tilstelning for personalet ved Tryggheim. Anita Elin Woldsund takka på vegne av barnehagen og NLM-barnehagen AS Ingebjørg for den gode innsatsen ho har gjort desse 30 åra. Vi er glade for å ha Ingebjørg med på laget og ser fram til mange nye år ilag!