Skjorareiret

Velkommen til Skjorareiret! Ei sprell levande avdeling med mykje aktivitet, glede og kreativitet!

På Skjorareiret er det 18 barn i alderen 3-6 år. Vi har ei fast dagsrytme. Det er med på å skape forutsigbare og trygge rammer for barna.

Her er ein typisk dag for oss:

Vi opnar kl 6.45 og då er det avdeling Maurtua som tek imot barna. Kl 7.30 går vi til Skjorareiret. Frå 8-8.30 har vi frukost på kvar avdeling. Etter maten er det frileik fram til 9.30. Då er det tid for samlingsstund, tur eller andre aktivitetar fram til ca 11. Etter ei runde med dogåing og handvask et vi føremiddagsmat kl 11. Etter maten er det uteleik fram til neste måltid kl 14. Barnehagen stengjer kl 17.

Vi har mange spennande tema som vi jobber med både i samlingsstunder og elles i løpet av dagen.  Ein dag pr veke har vi også ei bibelsamling der historier frå Bibelen er temaet. Fokus for dei ulike månadane er fastlagt i årsplanen.

Barna får god anledning til å leike med kvarandre. Gjennom leiken lærer barna mykje både sosialt og kunnskapsmessig. Vi ynskjer at leiken skal vere ein positiv aktivitet for alle og at gode vennskap vert etablert.